tysdag 22. mai 2007

Finnøy-Lura 6-2


For ein hærlige kveld på Leikvoll! Etter siger i første heimekamp, har det vore biringt med poengfangst for A-laget. Skal me tru trenar Nils Petter, hadde laget leia serien dersom fotballkampar berre hadde vart 60 minutt. Det har blitt mykje baklengs mot slutten, med andre ord. Kampen mot Lura byrja meget bra, Roger reiv seg laus og slo inn til Tor Magne, som heada i boge over keeper. Kanonmål. Så scora Lura eit mål som slett ikkje var av den trivelege sorten for Finnøy-keeperen. Lura scora igjen, og leia til pause. Det såg ikkje bra ut, men Finnøy hadde sjansar utan å våga å avslutta.

Etter pausen var det lenge stillingskrig. Lura hadde eit par svært farlege skot som blei redda på ypperleg vis, før Roger fann ut at det trass alt forplikar å vera styremedlem i fotballgruppa. Han banka inn 2-2. Like etter vart det straffe som Kjell Arne drylte inn. 3-2. Det vart målfest etter dette. Nils Atle scora, Trond scora eit eller to, og Roger banka vel og inn eit mål til. Det er litt vanskeleg å sei. Det var så gripande.

- Kåre

onsdag 16. mai 2007

Mandag 9. mai spelte lillejenter 11/12 heimekamp på Leikvoll. Dei møtte Mastra
som var ved godt mot ganske lenge ut i kampen. Det endte 8-1 til Finnøy.

Finnøy scora blandt anna to mål frå midtbane og på eit straffespark! Ein
veldig sur og kald time på Leikvoll. men det var det nok bare me
tilskuerar som merka.

- Helene Vestbø

onsdag 2. mai 2007

Måndagskveld på Leikvoll

Måndag 30. april var ein travel kveld på Leikvoll. På grasbanen vann A-laget den første heimekampen for året, medan Jenter 13 slo Lye langt ned i støvlane på kunstgraset. Her er eit par bilder frå kunstgrasbanekampen.








tysdag 24. april 2007

Minitrening


Måndag ettermiddag var det full aktivitet på kunstgraset på Leikvoll med trening for Minigutar 9. Ballane flagra rundt øyrene på lagleiar Øyvind som prøvde seg som keeper, men måtte plukka mange ballar ut av målet. Det ser med andre ord bra ut for gjengen som seriestartar i morgon. Trenar for laget er Gaute Halleland.